15/12/2025
Slik skal du lytte på Bachs juleoratorium 🎄
Musikar og forskar Nils Harald Sødal har skrive bok om å forstå og oppleve klassisk musikk. Kvart kapittel vert avslutta med fyldige forslag til å lytte gjennom Arvo Pärt, Mozart, Beethoven eller andre klassiske komponistar.
Sødal anbefalar følgjande når du lytter til Bachs juleoratorium:
- Les deg opp på komponisten, haldningar og tida han levde i. Då kan du oppleve fleire lag i musikken.
- Til dømes var Bach djupt kristen og levde i barokkens tid - kjenneteikna av dramatisk og overveldande musikk som speler på kjensler og skal overtyde lyttaren. Han var òg kjend for å vere oppteken av tal og matematisk perfeksjon.
- Lytt med heile deg. La deg tiltale. La musikken tale til deg.
- Høyr korleis solisten er i dialog med kor og orkester, og korleis eit nytt tema og nye melodilinjer veks fram!
Meir om boka og korleis forstå klassisk musikk:
🎄https://www.uia.no/forskning/forskningsnyheter/kunstfag/slik-skal-du-lytte-pa-bachs-juleoratorium.html