Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule Velkomen til Facebook-sida til Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule. Skulestaden vår er på Otta.

Her deler vi glimt frå skulekvardagen – ein skule med sterke røter i lokalsamfunnet og blikket retta mot framtida. Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule er ein felles skule med tre skulestadar (Dombås, Lom og Otta). Samanslåinga vart gjort i 2004 med mål om å oppretthalde ein desentral skulestruktur og vidareutvikle livskraftige skulestader i Norddalen. For heile regionen har skulen ei sentral roll

e når det gjeld å utvikle næringslivet og skape liv i bygdene våre. Breie utdanningstilbod som ivaretek behova til den enkelte og næringslivet er særleg viktig i denne samanhengen, og ikkje minst god kvalitet på læringsmiljøet i klasserom og andre læringsarenaer. Skulen er sterkt engasjert i den regionale satsinga på Nasjonalparkriket. Skulen har felles leiing med ansvar for samla økonomi, personal og pedagogikk. På kvar skulestad er det avdelingsleiar med dagleg skulestadsansvar.

Triveleg siste skuledag før jul.Samling i kultursalen med SodaPop og to-rader. Takk til nisseorkesteret. Dei gjer at jul...
20/12/2025

Triveleg siste skuledag før jul.
Samling i kultursalen med SodaPop og to-rader. Takk til nisseorkesteret. Dei gjer at julestemning kjem til alle. God jul til alle følgjarar!

Gjenbruksjuletre!Halvtårsprøva for barne-og ungdomslærling Lene Marit blei dette flotte juletreet! Elevane på Vg1TIF hen...
18/12/2025

Gjenbruksjuletre!
Halvtårsprøva for barne-og ungdomslærling Lene Marit blei dette flotte juletreet! Elevane på Vg1TIF hengte på sjølvlaga "julekuler". God jul til alle følgjarar!

Bål, kakao og julegodteri! Elevrettleiarane ønskjer elevane velkome til èin ny skuledag!
17/12/2025

Bål, kakao og julegodteri! Elevrettleiarane ønskjer elevane velkome til èin ny skuledag!

Erasmus+ mobilitetsprogram gjorde det mogleg for heile Vg1 Helse- og oppvekstfag å reise til Herning i Danmark frå 17. t...
16/12/2025

Erasmus+ mobilitetsprogram gjorde det mogleg for heile Vg1 Helse- og oppvekstfag å reise til Herning i Danmark frå 17. til 20. november for å besøkje Social- og Sundhedsskolen og Aktiv Centret i Herning.

Turen varte i fire dagar, inkludert reise. Besøket på Social- og Sundhedsskolen var noko vi hadde sett fram til. Formålet med turen var å bli kjendt med det danske skulesystemet og å få delta aktivt i undervisning saman med danske medelevar. Skulen har fokus på velferdsutdanning og eit tett samarbeid med dei omkringliggjande kommunane i regionen. Skulen tilbyr både yrkesutdanning (EUD), EUX velferd, samt etter- og vidareutdanning innan sosial-, helse- og pedagogiske fagområde.
Elevane fekk delta i ein dansk - norsk SOSU-quiz, som synleggjorde både likskapar og små skilnader i språk og fagterminologi. Dei deltok gruppevis saman med danske elevar på skulen sine ulike læringsarenaer, mellom anna klasserom, praksisrom og fellesområde, der dei fekk høve til å observere undervisning i praksis.
Avslutningsvis, før «frokost» – som betyr lunsj i Danmark, hadde ei gruppe elevar frå oss ein presentasjon om vår eigen region, Nord-Gudbrandsdal, og skulen vår.
Neste dag starta med informasjon om korleis Herning kommune organiserer tenestene sine. Aktivitetssentera i Herning kommune tilbyr ulike aktivitetar og opplæringstilbod for personar over 60 år, samt uførepensjonistar og pensjonistar.
Elevar og lærarar fekk ei flott omvising på Aktiv Centret i sentrum av Herning, der vi møtte både brukarar og tilsette som deltok i ulike aktivitetar.

Takk for ein flott og lærerik tur!

Juleførebuingar på skulen inn mot julefri: juleverkstad for alle, nissegraut og skattejakt. I dag 13.desember: utdeling ...
12/12/2025

Juleførebuingar på skulen inn mot julefri: juleverkstad for alle, nissegraut og skattejakt. I dag 13.desember: utdeling av lussekatter til alle. Bilde etter drakta vart tatt av! Takk til Erlend og elevmentorar.

Felles fagdag for Reiseliv og språk, Salg, service og reiseliv/Restaurant og matfag:Klassene presenterte sine ungdomsbed...
05/12/2025

Felles fagdag for Reiseliv og språk, Salg, service og reiseliv/Restaurant og matfag:
Klassene presenterte sine ungdomsbedrifter Norduka UB og DelDet UB for næringssjefene i Dovre, Sel og Lesja. De fikk nyttige tilbakemeldinger og innspill som de tar med seg videre. Å etablere en bedrift krever nøye og god planlegging, innovative tanker og godt samspill. Elevene fikk også gode innspill av hotelldirektør Ruth Mæhlum på Thon Hotel, Otta som tok oss alle godt imot og viste hvordan vertskapsrolla skal utøves. Vi er heldige som har et så godt nettverk av bedrifter og ressurspersoner som stiller opp for våre elever.

Store gutter gråter ikke! Takk til Marius Ulekleiv og Sondre Myrseth som snakka om eit viktig tema til alle elevane på s...
02/12/2025

Store gutter gråter ikke! Takk til Marius Ulekleiv og Sondre Myrseth som snakka om eit viktig tema til alle elevane på skulen i dag. Snakk om det! Sondre skreiv autografer til alle!

Kva er radikalisering? Kva skal vi vera merksame på? Tema med Pia Politikontakt for dei tilsette i dag.
27/11/2025

Kva er radikalisering? Kva skal vi vera merksame på? Tema med Pia Politikontakt for dei tilsette i dag.

Tysdag 4.november var det yrkes-og utdanningsmesse for 10.klassingane i Norddalen. Takk til alle som kom, og takk til al...
13/11/2025

Tysdag 4.november var det yrkes-og utdanningsmesse for 10.klassingane i Norddalen. Takk til alle som kom, og takk til alle som snakka godt om utdanningsprogram og yrkesmoglegheiterfor ungdommane våre! Berre blide folk!

𝗦𝗸𝘂𝗺𝗿𝗶𝗻𝗴𝘀𝘁𝗶𝗺𝗲𝗻 𝗽å 𝗯𝗶𝗯𝗹𝗶𝗼𝘁𝗲𝗸𝗲𝘁 – 𝗡𝗼𝗿𝗱𝗶𝘀𝗸 𝗹𝗶𝘁𝘁𝗲𝗿𝗮𝘁𝘂𝗿𝘃𝗲𝗸𝗲I samband med 𝗡𝗼𝗿𝗱𝗶𝘀𝗸 𝗹𝗶𝘁𝘁𝗲𝗿𝗮𝘁𝘂𝗿𝘃𝗲𝗸𝗲 har vi hatt tre stemningsfull...
12/11/2025

𝗦𝗸𝘂𝗺𝗿𝗶𝗻𝗴𝘀𝘁𝗶𝗺𝗲𝗻 𝗽å 𝗯𝗶𝗯𝗹𝗶𝗼𝘁𝗲𝗸𝗲𝘁 – 𝗡𝗼𝗿𝗱𝗶𝘀𝗸 𝗹𝗶𝘁𝘁𝗲𝗿𝗮𝘁𝘂𝗿𝘃𝗲𝗸𝗲

I samband med 𝗡𝗼𝗿𝗱𝗶𝘀𝗸 𝗹𝗶𝘁𝘁𝗲𝗿𝗮𝘁𝘂𝗿𝘃𝗲𝗸𝗲 har vi hatt tre stemningsfulle rundar med Skumringstimen på skulebiblioteket. Her har vi sett fokus på høgtlesing og nordisk litteratur i ei lun og inspirerande atmosfære.

✨ Første runde: Kombi-klassen fekk høyre den klassiske forteljinga Den vesle jenta med svovelstikkene av H.C. Andersen. (Vi fekk dessverre ikkje teke bilete av denne klassen.)

📚 Andre og tredje runde: Vg1 idrettsfag var inne, delt i to grupper, og fekk oppleve utdrag frå Andvake av Jon Fosse – ei sterk og poetisk tekst som verkeleg sette tankane i sving.

Tusen takk til alle elevar og lærarar som bidrog til å gjere Skumringstimen til ei hyggeleg og inspirerande oppleving! 🌙📖

Adresse

Otta

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:30
Tirsdag 08:00 - 15:30
Onsdag 08:00 - 15:30
Torsdag 08:00 - 15:30
Fredag 08:00 - 15:30

Telefon

+4761215400

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Universitetet

Send en melding til Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule:

Snarveier

Del