24/04/2026
Studentane som skal byrje på campus Bø har mykje å gle seg til 🤩 Her finn de eit pulserande studentliv og den legendariske Kroa i Bø.
Dette seier nokre av studentane våre om campus Bø:
«Det beste med å studere i Bø er alle dei fantastiske tilboda vi studentar har! Spesielt Kroa, som er eit samlingspunkt der ein alltid møter nye menneske!»
«Eg vil tilrå alle å studere i Bø. Ikkje berre har du eit unikt høve til å bli godt kjent med forelesarar og få god læring, men menneska som studerer i Bø er verkeleg dei finaste folka. Engasjerte, sosiale og fulle av liv. Eg diggar Bø, men mest diggar eg å kvar dag møte smil frå medstudentane mine som alle kjenner kvarandre.»
«I tillegg til mykje fine folk, er det flest fine fjell og fin natur, og eg er veldig glad i å gå på tur. Dessutan er Bø nært Oslo, men ikkje Oslo. Eg synest Oslo blir for hektisk og slitsamt, med altfor mange folk. Her i Telemark er det rolegare, i tillegg til at det er veldig hyggjelege folk overalt.»