09/08/2024
SJÅ! EI NY HÅNDBOK.
Det nærmar seg studiestart og aldri har eg vel vore så godt førebudd til undervisninga. TekLab gir ut ei ny bok med tittelen "Håndbok i innovasjon for studenter", og eg skal bruka den på kurset eg har ansvar for i haust.
Håndboka er gratis og lett tilgjengeleg på nettet. Studentane kan lesa den på mobilen på bussen eller på laptopen på lesesalen. Boka er designa for nett, med korte, poengterte tekstar og mange modellar og illustrasjonar. Det er lett å klikka seg vidare til eksempel frå dei mange studentprosjekta på TekLab.
Me gjev ut boka i betaversjon slik at det skal gå an å gje oss konstruktiv kritikk, og planen er å publisera den som ei offisiell bok med ISBN-nummer rundt nyttår. Me ynskjer respons både fra studentar, faglærarar og bransjefolk. Kva skal til for at de vil bruka tid på å lese boka? Er den god nok slik den er? Kva endringar me eventuelt gjera?
Eg har skrive boka saman med dyktige folk i fagmiljøet rundt TekLab ved Universitetet i Bergen. Dei er konsulent og medieveteran Geir Terje Ruud, lektor og rådgjevar Audun Klyve Gulbrandsen og dei nylig uteksaminerte masterstudentene Julia Hellem Brandt, Julie Sofie Berntsen og Helene Høylandskjær. Arbeidet er delfinansiert av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse.
Du kan lesa boka ved å klikka på lenka i kommentarfeltet. Passordet er *Teklab*