27/04/2026
🏆 Gratulerer!
Wolfgang Schmid og Jill Halstead ved Griegakademiet har vunnet pris på TREFF 2026 med filmen Last(ing) Music.
En sterk og viktig film om musikkterapi ved livets slutt – og om hvorfor musikk betyr så mye i livene våre.
VI GRATULERER WOLFGANG SCHMID OG JILL HALSTEAD!
Kortfilmen Last(ing) Music – an essay on music therapy at the end of life, laga av Wolfgang Schmid og Jill Halstead ved Griegakademiet (UiB) og produsert av VitenTv (UiB) har vunne pris ved TREFF – Tromsø Educational Film Festival 2026. Filmen vert brukt i tverrfagleg og tverrprofesjonell undervising og opplæring, m.a. innan palliativ behandling, og rettar seg mot alle som er nysgjerrige på kvifor musikk betyr så mykje i liva våre.
Filmen er eit videoessay om musikkterapi ved livets slutt, og følgjer Kari, ei 49 år gamal kvinne i lindrande behandling. Ho er sterkt knytt til songen The Boy from Ipanema, tolka av Ella Fitzgerald i Grieghallen på 1980-talet. Gjennom Karis fortelling viser filmen korleis musikk kan bere minne, emosjonar og identitet – også når sjukdom fører isolasjon med seg og ord ikkje strekk til.