14/12/2025
Kva betyr eigentleg politisk ansiennitet, og kven får faktisk makt av den?
I sin nyaste artikkel utfordrar Ragnhild Muriaas og Marianne Tøraasen ein vanleg antaking i parlamentarisk politikk: at lang erfaring automatisk gir innflytelse. Med utganspunkt i intervju med medlem av den franske nasjonalforsamlinga viser artikkelen korleis ansiennitet kan fungere som ein uformell, men kjønnsskeiv institusjon.
Gjennom det analytiske rammeverket identifiserast tre formar for makt som er tett kopla saman: kunnskap, legitimitet og innflytelse. Studien viser at sjølv når kvinner oppnår høg ansiennitet, er ikkje legitimitet gitt, og utan legitimitet vert innflytelse vanskeleg å utøve.
Artikkelen git eit viktig bidrag til forståinga av korleis uformelle institusjonar kan reprodusere kjønnsbaserte makthierarki i politikken, også der likestilling står sterkt.
Les artikkelen her:
Abstract. Political seniority—commonly understood as accumulated parliamentary tenure—is an underexamined informal institution that structures access to po