Høgskulen for grøn utvikling

Høgskulen for grøn utvikling HGUt skal vera ein leiande kunnskapsleverandør for nyskapande og livskraftige regionar og lokalsamfunn.

HGUt skal vera ein leiande kunnskapsleverandør for nyskapande og livskraftige regionar og lokalsamfunn. Om Facebooksida:

Høgskulen har svært liten kapasitet til å inngå i diskusjonar i samband med kommentarar til innlegg på denne sida. Kommentarar me oppfattar som usaklege, svært feilaktige eller som inneheld negative karakteristikkar av personar/institusjonar, vil difor bli sletta. Personar som avleverer slike kommentarar vil bli utestengde.

Eit verkeleg grønt skifte må byggja på eitekte naturomgrep. Ikkje det som dominerer i dag, med andre ord.
03/05/2026

Eit verkeleg grønt skifte må byggja på eitekte naturomgrep. Ikkje det som dominerer i dag, med andre ord.

Den aller viktigaste naturkampen blir ikkje kjempa Av prof. Dag Jørund Lønning Dette er første artikkel i serien Nødvendige steg på vegen mot Grøntida. Den omhandlar […]

The videos are from HGUts last visit to the  Slovakian Castles Associationhttps://www.youtube.com/watch?v=3IWbUgrk_SI&li...
09/06/2025

The videos are from HGUts last visit to the Slovakian Castles Association

https://www.youtube.com/watch?v=3IWbUgrk_SI&list=PLSJSqpN2bI1YkSDh_M12WTLhFQAcnGDtj&index=5

https://www.youtube.com/watch?v=sRfScSDGyGk&list=PLSJSqpN2bI1YkSDh_M12WTLhFQAcnGDtj&index=6

https://www.youtube.com/watch?v=Ue0eXTnPzck&list=PLSJSqpN2bI1YkSDh_M12WTLhFQAcnGDtj&index=7

V tomto exkluzívnom rozhovore sme sa rozprávali s Rhysom – zástupcom nórskej partnerskej organizácie, ktorá spolupracuje s iniciatívou Zachráňme hrady na obn...

Ein ny regenerativ tekst på Komposten.😊
15/05/2025

Ein ny regenerativ tekst på Komposten.😊

Det er på tide å fjerna «ugraset». Frå vokabularet, vel og merka Om kvifor verkeleg plantevern er det motsette av «plantevern», og om kva ein tur […]

I slutten av januar 2025 deltok Johan Barstad og Tomas Brage frå høgskulen på avslutningskonferanse i ProGREEN prosjekte...
20/03/2025

I slutten av januar 2025 deltok Johan Barstad og Tomas Brage frå høgskulen på avslutningskonferanse i ProGREEN prosjektet. Prosjektet har pågått sidan 2022 og har hatt fokus på utvikling av fagstoff for opplæring innan landbruk og bygdenæringar.
Avslutningskonferansen fann stad i den vesle byen Alanta, nord i Litauen.
Dette er eit utkantområde i landet, dominert av tradisjonelt landbruk. Vår vert var den lokale landbruksskulen, AUKŠTAITIJA VOCATIONAL TRAINING CENTER.

Første dag gjennomførte vi eit siste, oppsummerande prosjektmøte og fekk omvising på landbruksskolen. dag to var avslutningskonferanse med deltaking frå det offisielle Litauen, departement, fylke og kommune samt fagfolk frå skulen og lokale nyskaparar. Etter konferansen fekk vi omvisning på forskingsstasjonen, og såg bl.a. eit regenerativt skogprosjekt.

Stor takk til vertene våre frå Aukstaitija!

ProGREEN - Lokalsamfunnsentreprenørskap innan landbruk og bygdenæringarNo i vinter har vi på Høgskulen gjennomført eit s...
20/03/2025

ProGREEN - Lokalsamfunnsentreprenørskap innan landbruk og bygdenæringar

No i vinter har vi på Høgskulen gjennomført eit spennande kurs for lokal etablering av næringsaktivitet innan landbruk og lokale næringar. Kurset var del av eit større ERASMUS+-prosjekt som høgskulen har deltek i - om vidare utvikling av fagleg opplæring innan primærnæringane (ProGREEN Promoting and upgrading green skills in agriculture; https://www.green-agri.eu/partners/)

Kurset vart svært vellukka, deltakarane (som dels var røynde aktørar frå støtteapparatet, dels var lokale etablerarar) opplevde vår tilnærming med fokus på å finne og ta aktivt i bruk dei lokale ressursane (både dei fysiske, menneskelege og kunnskapsmessige) som svært nyttig og spennande.
Kurset gjekk over tre samlingar a to dagar i januar og februar, på Tolga i østerdalen.
Vi gjennomførte kurset i samarbeid med vår lokale samarbeidspartnar i området - Fjellugla AS og Malmplassen Bed and Breakfast

No kan du studera SIRKULÆR ØKONOMI OG VERDISKAPING ved HØGSKULEN FOR GRØN UTVIKLING. Bruk-og-kast-økonomien må erstattas...
04/03/2025

No kan du studera SIRKULÆR ØKONOMI OG VERDISKAPING ved HØGSKULEN FOR GRØN UTVIKLING.

Bruk-og-kast-økonomien må erstattast! I framtida må ressursar brukast om att i ein heilt annan grad enn i dag. Dette stiller store krav til menneskeleg kreativitet og nyskaping. Me skal framleis skapa verdiar, men me må gjera det utan å øydeleggja naturen rundt oss.

I dette kurset lærer du om gjenbruksøkonomi som modell for samfunnsutvikling og som utgangspunkt for produkt- og tenesteutvikling. Kurset er relevant for alle næringar og interessegrupper. Det gir 30 studiepoeng kan takast frå datamaskinen din heime. Prakssisamling inngår.

Meir info: https://hgut.no/studietilbod/sirkulaer-okonomi/

No kan du studera SIRKULÆR ØKONOMI OG VERDISKAPING ved HØGSKULEN FOR GRØN UTVIKLING. Bruk-og-kast-økonomien må erstattas...
04/03/2025

No kan du studera SIRKULÆR ØKONOMI OG VERDISKAPING ved HØGSKULEN FOR GRØN UTVIKLING.

Bruk-og-kast-økonomien må erstattast! I framtida må ressursar brukast om att i ein heilt annan grad enn i dag. Dette stiller store krav til menneskeleg kreativitet og nyskaping. Me skal framleis skapa verdiar, men me må gjera det utan å øydeleggja naturen rundt oss.

I dette kurset lærer du om gjenbruksøkonomi som modell for samfunnsutvikling og som utgangspunkt for produkt- og tenesteutvikling. Kurset er relevant for alle næringar og interessegrupper. Det gir 30 studiepoeng og du kan studera frå datamaskinen din heime. Prakssisamling inngår.

Meir info:

Bruk-og-kast-samfunnet fører til store miljø- og klimaproblem. Enorme sosiale skilnader kjem i tillegg. Tida er overmoden for å utforske alternative økonomiske modellar.

Eit reelt grønt skifte vil krevja veldige endringar på mange felt. HGUt står i fronten i dette arbeidet. Korleis kjem me...
14/11/2024

Eit reelt grønt skifte vil krevja veldige endringar på mange felt. HGUt står i fronten i dette arbeidet. Korleis kjem me frå Skamtida, tida når mennesket gjer alt motsett av naturen, til den regenerative Grøntida?

Me lever i Skamtida Om å tvihalda på vona i ein misantropiframkallande tidsalder Av prof. Dag Jørund Lønning Skamtida er den desidert mest gjenskapande og minst […]

Fleirårige grønsaker er ei ny satsing ved HGUt. Ein ny artikkel på Komposten fortel meir om kvifor eit skifte frå kortli...
12/08/2024

Fleirårige grønsaker er ei ny satsing ved HGUt. Ein ny artikkel på Komposten fortel meir om kvifor eit skifte frå kortlivde til langlivde matplantar er tvingande nødvendig og kva gevinstar dette skiftet kan gje.

Den nye grøne revolusjonen: frå eittårige til fleirårige matvekstar Tekst og bilde: Prof. Dag Jørund Lønning Den neste boka mi, Andre Losebok (vidare tittel kjem etter […]

Det har vore mange og tunge motbakkar, men eg er stolt av å leia den mest nyskapande og framsynte kunnskapsinstitusjonen...
20/06/2024

Det har vore mange og tunge motbakkar, men eg er stolt av å leia den mest nyskapande og framsynte kunnskapsinstitusjonen i landet. Akademia er på sitt sterkaste når det engasjert kjempar for det rette, og når det i denne kampen utfordrar både makt og etablerte sanningar. Det er på sitt svakaste når det vel avstand som metode og slikkar makta oppetter ryggen i jakta på status og ekstraløyvingar. 💚

Nyskaping kommer alltid fra de små aktørene, mener rektoren for en av Norges minste høyskoler.

I dag er det sluttkonferanse for EØS-prosjekta i SlovakiaI det berømte Raude Klosteret, oppe i Tatrafjella heilt på gren...
26/04/2024

I dag er det sluttkonferanse for EØS-prosjekta i Slovakia
I det berømte Raude Klosteret, oppe i Tatrafjella heilt på grensa til Polen
Vi kom hit i dag tidleg etter fantastisk køyrerur i vårkledde høgfjell med snødekte toppar
I klosteret (som er restaurert gjennom eitt av dei mange EØS-prosjekta) har vi i dag fått presentert breidda i denne satsinga
På slott, kyrkjer og store bygg, men og kunst og kulturproduksjonar
Prosjekta våre var via stor plass og fekk gode omtalar frå alle
Vi gav sjølve ein meir generell presentasjon av erfaringar frå alle desse prosjekta no over fire-fem år, med både COVID og vareforsendelsesforsinkingar

For oss har dette vore nyttige og lærerike prosjekt
Og vi har fått klare tilbakemeldingar at dette har blitt sett pris på!

Vi ser fram til fleire utfordringar og spennande prosjekt i neste runde

Godt jobba, Slovakia!

Adresse

Arne Garborgsveg 22
Bryne
4340

Telefon

+4751799400

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Høgskulen for grøn utvikling legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Universitetet

Send en melding til Høgskulen for grøn utvikling:

Del