03/06/2026
🍎 Fell eplet langt frå stammen?
Ny forsking viser at barn av foreldre som brukar rusmiddel har høgare risiko for sjølv å byrje – men det er ikkje skjebne. God oppseding kan bryte mønsteret.
Hugo Cogo Moreira, professor ved Høgskulen i Østfold, er prosjektansvarleg på norsk side i det internasjonale forskingsprosjektet og studien er nyleg publisert i det vitskaplege tidsskriftet Addictive Behaviors.
Forskarane fann at foreldre som brukar ein autoritativ stil – varm og engasjert, men med tydelege grenser – gir barna best vern. Og det aller sterkaste funnet? Heile 89 % av barn med rusfrie foreldre er sjølv rusfrie.
Tre konkrete råd til foreldre:
✅ Hald ein nær og open relasjon – ver ein dei kan snakke med
✅ Set tydelege og konsistente reglar om rusmiddel, inkludert alkohol
✅ Ver involvert i kvardagen deira – kjenn vennene og rutinane
Førebygginga må starte tidleg. Oppsedingsstilar blir bygde over år, ikkje over natta.
Heile saka i kommentarfelte 👇🏻