HVK Studiesenter

HVK Studiesenter 🎯 Vårt mål: Utdanning der du bur 🎓
📍 Eidfjord, Kvam, Kvinnherad, Ullensvang, Ulvik & Voss
Fleksibel og lokal læring – me har ryggen din!

🎄Jolatakksemd🎄Samarbeid gjer oss sterkare 💚I HVK Studiesenter jobbar vi tett saman med utdanningsinstitusjonane og Vestl...
18/12/2025

🎄Jolatakksemd🎄

Samarbeid gjer oss sterkare 💚

I HVK Studiesenter jobbar vi tett saman med utdanningsinstitusjonane og Vestland fylkeskommune for å gi fleire tilgang til utdanning der dei bur.

Saman byggjer vi kompetanse for framtida – engasjert, relevant og tilgjengeleg 🎓

Høgskulen på Vestlandet HVL Fagskulen Vestland Vestland fylkeskommune Fagskolen Diakonova Tirna Universitetet i Bergen

🎄Jolatakksemd🎄✨Bak kvar satsing på livslang læring står engasjerte kommunar✨Takk for tillit, samarbeid og felles retning...
16/12/2025

🎄Jolatakksemd🎄

✨Bak kvar satsing på livslang læring står engasjerte kommunar✨

Takk for tillit, samarbeid og felles retning 🌟

Ullensvang kommune Ulvik herad Voss herad Kvam herad Kvinnherad kommune Eidfjord kommune

🎄 Jolatakksemd🎄Visste du at HVK Studiesenter er eit trepartssamarbeid mellom Hardanger og Voss Næringshage, Næringshagen...
12/12/2025

🎄 Jolatakksemd🎄
Visste du at HVK Studiesenter er eit trepartssamarbeid mellom Hardanger og Voss Næringshage, Næringshagen i Ullensvang og Kvinnherad Næringsservice?

Samarbeidet gir liv til HVK Studiesenter – med fleire moglegheiter, meir læring og ei framtid der heile regionen står sterkare ✨

🚀 Klar for å ta kompetansen din til neste nivå?Fagskulen Vestland tilbyr fire spennande emne som gir deg framtidsretta k...
02/12/2025

🚀 Klar for å ta kompetansen din til neste nivå?

Fagskulen Vestland tilbyr fire spennande emne som gir deg framtidsretta kunnskap og praktiske ferdigheiter:

📏 Moderne måleteknikk – presisjon i elektro/automasjon
🍎 Norsk pommelierutdanning – lær skildring, klassifisering og bruk av sider
🤖 Skreddarsydde KI-system – kunstig intelligens -> skap verdi
♻️ Sirkulær økonomi og ombruk – bygg berekraftig

📅 Kort frist – søk no!

👉🏾 Les meir og meld deg på: www.fagskulen.no

Hardanger og Voss Næringshage
Kvinnherad Næringsservice
Næringshagen i Ullensvang
Fagskulen Vestland

🎓 Berekraft, omstilling og innovasjon – to nettbaserte emne á 2,5 stpI samarbeid med Høgskulen på Vestlandet HVL tilbyr ...
28/11/2025

🎓 Berekraft, omstilling og innovasjon – to nettbaserte emne á 2,5 stp
I samarbeid med Høgskulen på Vestlandet HVL tilbyr vi korte, praktiske og jobbvenlege kurs som gir deg kompetansen verksemda di treng i tida som kjem.
Oppstart: mars
Søknadsfrist: 1. desember

🌿 Endringsleiing med læringsrom for berekraftig utvikling – 2,5 stp
Du får verktøy for:
• endringsleiing i praksis
• visuelle styringsverktøy
• systemisk tenking (DSRP)
• å skape læringsrom som støttar grøn omstilling

Perfekt for leiarar, prosjektleiarar og medarbeidarar med utviklingsansvar. Du sit igjen med konkrete metodar for å skape engasjement og drive berekraftige endringsprosessar.

📊 Berekraftsrapportering med fokus på VSME – 2,5 stp
Du lærer:
• korleis ESRS VSME-standarden fungerer
• korleis du kan tilpasse rapportering til eiga verksemd
• kva moglegheiter som ligg i god berekraftsstyring

👉 Perfekt for deg som vil stå sterkare i det grøne skiftet.
Les meir og søk her: https://www.hvl.no/studier/studieprogram/barekraftrapportering-omstilling-og-innovasjon/

Næringshagen i Ullensvang
Hardanger og Voss Næringshage
Kvinnherad Næringsservice

Ny prosjektleiar på plass! Første oktober tok Silje Heistein Lund over som prosjektleiar for HVK Studiesenter. Ho fast t...
24/11/2025

Ny prosjektleiar på plass!

Første oktober tok Silje Heistein Lund over som prosjektleiar for HVK Studiesenter. Ho fast tilsett i Hardanger og Voss Næringshage, og allereie godt i gang med arbeidet saman med prosjektmedarbeidar Amanda Bjørnenak.

Silje har mastergrad i organisasjonsutvikling og psykososialt arbeidsmiljø. Ho har solid erfaring som prosess- og prosjektleiar, og har jobba innan digitalisering, leiarutvikling, endringsprosessar og organisasjons-og tenesteutvikling.

Med bakgrunn frå kontinuerleg forbetringsarbeid, digitalisering og merkevarebygging, og med kreativ kraft frå grafisk design, har ho både strategisk og praktisk erfaring.

Silje ønskjer å gjere HVK Studiesenter til ein levande møteplass for læring og samarbeid, i tett samspel med kommunar, innbyggjarar og utdanningsinstitusjonar. Målet? Eit økosystem som koplar kompetansebehov med utdanningstilbod – og gir meir verdi lokalt.

Opphavleg frå Stange, men lokka til Voss av Ekstremsportveko i 2016 – der ho dyrkar lidenskapen for ski, terrengsykling og padling. Ein draumestad med alt samla på ein plass!

🌱⚡ Nytt deltidsstudium frå Universitetet i Bergen våren 2026!Fornybare energiressursar og energisystem – 10 studiepoengV...
23/11/2025

🌱⚡ Nytt deltidsstudium frå Universitetet i Bergen våren 2026!
Fornybare energiressursar og energisystem – 10 studiepoeng

Vil du forstå korleis framtida sitt energisystem blir bygd – og kva det betyr for samfunn, natur og økonomi? Dette emnet gir deg innsikt i alt frå sol, vind og vasskraft til energilagring, kraftprisar og energirettferd.

💡 Kven passar studiet for?
Studiet er på masternivå og er perfekt for deg som jobbar med energi, samfunn, planlegging, klima eller teknologi – og som har minst tre års høgare utdanning og to års relevant erfaring.

📚 Dette lærer du meir om:
• Sol-, vind- og vannkraft
• Energilagring og oppbygging av elektriske energisystem
• Kraftprising, økonomi og politiske verkemiddel
• Energi og samfunn: aksept, rettferdigheit og forvaltning
• I tillegg ser vi på bioenergi, termisk energi, kjernekraft og fossile energikjelder

🧑‍💻 Undervisningsform
Hovudsakleg nettbasert – med ei fysisk samling i Bergen.

💸 Pris
Som introduksjon kostar studiet berre 11 000 kr (ordinært ca. 25 000 kr).

📅 Oppstart: januar 2026
⏰ Søknadsfrist: 5. januar 2026

💡Bli med på digitalt informasjonsmøte
- Fredag 5. desember kl. 09:00–09:30
- Digitalt via Teams
- Meld deg på her før kl. 08 same dag, så sender vi deg lenke til møtet:
https://skjemaker.app.uib.no/view.php?id=20291650

🔗 Les meir og søk plass her: https://www4.uib.no/studier/nettstudier-og-videreutdanning/natur-og-realfag/fornybare-energiressurser-og-energisystemer?gad_source=1&gad_campaignid=23280869215&gbraid=0AAAAADOaSdsLp6MTAyT6s7F3RyljNF003&gclid=CjwKCAiA_orJBhBNEiwABkdmjCV6UmbOxLvFreKp5BtIrQjBADar9-a5zbXccHbscwRZ3cEnS_mJFRoC2_4QAvD_BwE

No kan du førehandspåmelde deg på digitale emne frå UiB - via HVK Studiesenter!📚  2,5 studiepoeng per emne 🖥️ Nettbasert...
09/11/2025

No kan du førehandspåmelde deg på digitale emne frå UiB - via HVK Studiesenter!

📚 2,5 studiepoeng per emne
🖥️ Nettbasert og fleksibelt
🕒 Ved sidan av jobb eller studiar
💸 Kun kr 650 i semesteravgift

🗓️ Førehandspåmelding open frå 3.–16. november
📌Begrensa plassar – ver tidleg ute!

Følgjande emne vil gå våren 2026:

✅DIGI610 Fantastiske Data
✅DIGI612 IKT-sikkerheit/ICT Security
✅DIGI614 Grunnkunnskap om kunstig intelligens

https://hvkstudiesenter.no/forehandspamelding-til-haustens-digitale-emne-via-uib-2/

Barnehagelærarstudentane fekk denne veka inspirasjon frå lokale krefter, med undervisning frå Høgskulen på Vestlandet HV...
23/10/2025

Barnehagelærarstudentane fekk denne veka inspirasjon frå lokale krefter, med undervisning frå Høgskulen på Vestlandet HVL ved Hannah Belsvik Hansen og gjesteforelesing frå Haugesenteret ved Anja Haugland Svingen. 🌟

Temaet var bruk av bildebøker og nynorsk litteratur i barnehagen, med fokus på språkglede og engasjement.

Les meir om andre samling her:

Denne veka vart den andre fysiske samlinga for barnehagelærarstudentane i Kvinnherad, Hardanger og Voss gjennomført – denne gongen i Norheimsund, i rådhuset til Kvam herad.

Adresse

Husnes

Åpningstider

Mandag 09:00 - 15:00
Tirsdag 09:00 - 15:00
Onsdag 09:00 - 15:00
Torsdag 09:00 - 15:00
Fredag 09:00 - 15:00

Nettsted

https://www.linkedin.com/company/hvkstudiesenter, https://www.instagram.com/hvk_studiesente

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når HVK Studiesenter legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Universitetet

Send en melding til HVK Studiesenter:

Del