08/09/2026
Forskarar frå heile landet er samla ved Universitetet i Agder i Kristiansand 7. og 8. september for LIVSFORSK 2026. Her står livskvalitet i sentrum – frå barn og unge, kreft og tannhelse til pasienterfaringar, teknologi og kunstig intelligens.
UiA er godt representert i programmet. Forskingsmiljøa HEIFA – Helse- og livskvalitet i eit familieperspektiv og Q-safe – Pasientsikkerheit og kvalitet i sjukehus bidrar både i planlegginga og gjennomføringa av samlinga. Blant UiA-forskarane som deltar, er Kristin Haraldstad, Eva-Grethe Befus, Hilde T. Mikkelsen og Gudrun Rohde.
Kva betyr eigentleg livskvalitet i forsking, og korleis kan kunnskapen brukast til å utvikle betre behandling og helsetenester? Les meir om LIVSFORSK 2026 og forskinga som blir presentert i saka vår. 👇
7. og 8. september inviterer Universitetet i Agder (UiA) til konferansen LIVSFORSK. Der møtest forskarar som studerer livskvalitet hos pasientar, barn og unge. Tema spenner frå kreft og tannhelse til kunstig intelligens.