13/08/2026
🎶 Ta deg eit lite pusterom.
Set av nokre minutt til å lytte til denne nydelege og personlege balladen av Johanne (JoJo). ❤️ Ho har skrive låta sjølv og framfører henne her. Johanne var elev på Rytmisk musikk skuleåret 2025/26.
Drøymer du om eit år med musikk, kreativitet og utvikling saman med andre som deler interessa di? Då kan eit år på folkehøgskule vere akkurat det du leitar etter.
Det er heilt lov å velje ein annan veg enn den tradisjonelle. Eit år på folkehøgskule kan gi deg nye erfaringar, vennskap og minne du tek med deg vidare i livet. ✨
🎤 Vi har framleis nokre ledige plassar til hausten.
Kanskje vi sjåast på Manger? 🎵
Les meir eller søk her: https://www.manger.fhs.no