14/08/2026
I ARENDAL: Treng me eit eige lese- og skrivefag i skulen og i lærarutdanninga?
Alle lærarar, uansett kva fag dei underviser i, er jo lese- og skrivelærarar. Kor godt trente er dei i denne typen undervising?
✒️📖
Panelet me hadde invitert til Arendal denne veka var einige om mykje, blant anna at me som samfunn er for opptatt av korleis elevane i norsk skule les og altfor lite opptatt av skriveevna deira.
– Eit nasjonalt leseløft må også vere eit nasjonalt skriveløft, sa UiO-professor Janne von Koss Torkildsen. – Fordi skriving er ein grunnleggande måte barn lærer på, uttrykker seg på og deltek på. Dersom lesing handlar om å få tilgang til andre sine tankar, handlar skriving om å utvikle og uttrykke eigne tankar, sa ho.
Dette må lærast. Elevane må få sjå heilt konkret korleis dei skal skrive og kva dei skal gjere når dei står fast, gjerne i kollektive skriveøkter i klasserommet, meiner professoren.
– Kanskje må skulen gjere meir av det som før skjedde heime? foreslo UiS-professor Oddny Judith Solheim. – Som høgtlesing, sette av meir tid til at elevane les meir sjølv og arbeide enda meir med språk. Det finst ingen quick-fix i leseopplæringa.
Kanskje er me som samfunn også for lite opptatt av å støtte elevar i å vere i ubehag medan dei lærer, i å tole motstand.
– Kan skulen klare å hjelpe elevane med å streve med ein tekst, streve med eiga skriving? Eg les mange tekster som eg ikkje nyt i det heile tatt, der eg strevar med å lese, fortalde Birger Emanuelsen, forfattar og lese- og skrivelærar i vidaregåande.
– Fleire fysiske bøker i skulen, meir skriving for hand, større KI-skepsis og ein langvarig felles innsats for å trene på å vere uthaldande, var blant tiltaka stortingsrepresentant Julia Eikeland (Ap) har tru på.
– Samarbeid mellom skulen og heimen om språkarbeid for dei minste er viktig, sa byrådssekretær Henny Lie Skarpholt i Oslo kommune. – Systematisk språkarbeid som byrjar i barnehagen og blir med inn i skulen, Språksterk-modellen, er noko av det me ser fungerer i Osloskulen.
Møteleiar og UiO-professor Marte Blikstad-Balas nytta høvet til å stille mange vanskelege spørsmål til det kompetente panelet, men også til å minne om innspelsfristen til hashtag i slutten av august.
Kva er dine råd for styrke lesinga og skrivinga til ungane våre?