26/09/2025
Vi har materiale for nesten hver anledning, tradisjon og årstid. Se gjerne samla.no for utvalgt materiale om jakt. "Materialet består mellom annet av segn som forteller om møte med overnaturlege vesen under jaktturen, eventyr og ballader som omtaler jakt, og spådommer, varsel og vernemagi forbundet med jakt." https://samla.no/viewer/uthevet/jakt/
Kanskje nokon av dykk har vore eller skal ut på jakt denne hausten? "Det var mangt å passe paa naar dei skulde på jakt" vart Sjur Bøyum fortalt då han samla inn folkeminne i Balestrand (NFS Bøyum 3):
"Sume meinte at ein skulde aldri dra paa jakt so folk saag det. Ein maatte reisa um natti. (Vetlefj.) Ein maatte vaska seg i augo fyreaat. Var ein so uheppen at ein møtte eit kvinnfolk nett med same ein la i veg, so var det eit laakt merke. Men møtte ein ein kar so var det bra. (Fjærl. (…)
Ein skulde aldri be deim som vilde paa skjoting, lukka paa
ferdi. Ein skulde sputta etter deim. Det skulde vera nokso tenleg
aa hengja ein harefot i lykelen paa børsa naar ein var paa jakt.
Tame husdyr helst klodyr, t.d.katt,skulde ein ikkje skjota
Bersa vart utskjemd daa. Skulde ho verta god att maatte ein lata ein
opse (d.v.s.eld) gaa igjenom henne eller dei laut lokka ein kvitorm
inni børsa og skjota han ut att. (Fjærl) Gamle-Anders vilde ikkje
skjota kviterev, heller ikkje skjorer og kraakor, for dei var troll
fuglar. (Vetlefj.)"
For meir materiale om jakt sjå her:
https://samla.no/viewer/uthevet/jakt/
Bilete finn du her:
https://samla.no/viewer/!image/b2a37b55-1c44-4487-a4b9-79f872af8afa/16/-/