30/11/2025
I går, laurdag kveld, hadde me joleavslutning!☃️🎉 Fyrst var det grautkveld på skrivarstova, der nokre spaisa opp grauten med kontroversielle tilskot som brunost og spekemat.🤯 Det var so vidt me ikkje gjekk i tottane på kvarandre. Men trass i våre grautlege usemjer heldt me saman og drog på Salt for å sjå inkje ringare enn Kjærleik faktisk, teateroppsetjing av Love actually på nynorsk!😍 Det var ein slager, gitt. Både for dei av oss som var kjende med originalen og dei av oss som fekk sitt fyrste møte med verket på hjartespråket. Etter dette var me jamvel ein gjeng som forsvann ut i natta på ein spontan SmjØd!😮🥳 Dette semesteret har vore ein sann slager for studentmålungdomen i hovudstaden. Me gler oss allereie til neste, og vonar DU vert med!🫵 Og ikkje minst, god jol ifrå oss!🎅