28/11/2025
Høyr HVOs Åsmund Svendsen og utanriksminister Espen Barth Eide i dokumentarpodkasten «Gamle greier», produsert av Nasjonalbiblioteket. 🎙️
Temaet for den todelte episoden er «Halvdan Koht – syndebukken for 9. april». 📻 Svendsen har mellom anna gitt ut biografien 𝘏𝘢𝘭𝘷𝘥𝘢𝘯 𝘒𝘰𝘩𝘵. 𝘝𝘦𝘪𝘦𝘯 𝘮𝘰𝘵 𝘧𝘳𝘢𝘮𝘵𝘪𝘥𝘦𝘯 (2013).
Første del er ei dramatisert forteljing om Koht og den skjebnesvangre våren 1940, då han var utanriksminister i Noreg. Andre del er Svendsen i samtale med Barth Eide. Temaa her er Koht, Noregs nøytralitetspolitikk og om Noreg var sjanselause mot Tyskland i 1940. 🇳🇴
Førsteamanuensis Åsmund Svendsen møter utanriksminister Espen Barth Eide i Nasjonalbibliotekets podkast «Gamle greier». Temaet er korleis statsråd Halvdan Koht blei syndebukken for det tyske angrepet på Noreg 9. april 1940.